Natt i naturen

Når sola har gått ned og mørket har senka seg over fjella, får ein eit nytt perspektiv på naturen. På denne tida av døgnet får naturen overtaket. Om månen ikkje speler på laget ditt, må hovudlykta på for å klare å navigere. Nokre gongar har ein planlagt å tilbringe natta i naturen. Andre gonger er ikkje dette tilfellet.

I løpet av fire dagar og tre netter skulle elevane ved Nordnorsk Klatreskule teste ulike metodar for tilbringe netter i naturen. Grad av komfort varierte mykje frå metode til metode. Om ein vil ha høg komfort må ein bere med seg tungt utstyr eller leggje ned ein stor arbeidsinnsats. Dette fekk vi erfare i løpet av dei fire dagane.

Første natt skulle vi tilbringe i telt ved Svartvatnet vest for Fiskefjordtindan. Nokre hadde med seg relativt store telt med god komfort. Mi gruppe hadde fått låne eit lite og lett ekspedisjonstelt av klatreskulen. Kompromisset for låg vekt og lite pakkvolum var mellom anna at teltet ikkje hadde noko fortelt. Om vinteren, når ein tilbringer mykje av dødtida i teltet, kan eit lite fortelt auke komforten betraktelig. I forteltet kan ein grave ei kuldegrop som er djup nok til at ein kan sitte oppreist i innerteltet med beina i gropa. Det er ikkje berre komfortabelt å sitte oppreist og utstrakt i eit telt, men også veldig praktisk når ein skal lage mat.

Teltleir under stjernehimmel

Ut på kvelden kunne vi høyre jubelrop utanfor teltet. I det vi åpna luka skjønte vi kva som var årsaka. På himmelen kunne ein skimte nordlys i det fjerne. For fleire av elevane, inkludert meg sjølv, var dette første gong vi såg nordlys danse på himmelen. Vi var overbegeistra. Dei andre hadde sett det før og kraup stille og rolig tilbake i soveposen.

Neste dagsetappe var svært kort, men til gjengjeld gravde vi svært mykje, vi skulle sove i snøhole. Først måtte vi finne ein skråning som var trygg med tanke på skred. Då dette var gjort, var det berre å finne fram spaden. Etter fire timar med kontinuerlig graving var snøholene ferdig. Etter ei natt med ansiktet klistra mot teltduken var gruppa mi fast bestemt på å auke standaren. Vi endte derfor opp med den største snøhola.

Telt og nordlys

Ved hjelp av ein kuldelås, altså inngangen til snøhola, kan ein justere temperaturen. Når inngangen er rett under sengebrisken vil temperaturen ligge rundt 0°C. Desto lenger ned du plasserer inngangen, desto varmare blir det i snøhola. For å unngå fukt og drypping er det ein fordel at temperaturen held seg i underkant av frysepunktet. Her må ein gjerne justere litt etterkvart. Då mangler ein berre eit lite telys, så er ein klar for natta.

Å grave seg ned i snøen kan vere svært effektivt for å skaffe seg ly om vinteren. Ein treng ikkje bruke mange timar på å lage ei stor snøhole, det held å grave seg ein halv meter inn i ein skavl. Når vêret plutseleg slår om og alt du ser er dine eigne skituppar, er dette kanskje beste løysing. For mange vil det vere enklare å vente på hjelp eller betre sikt enn å prøve å navigere seg gjennom tåka. Det same gjeld om sommaren, men då bør ein ha med ein vindsekk for å få ly.

Snøhole under stjernehimmel

Om ein verken ønskjer å bere tungt eller leggje ned ein stor arbeidsinnsats i graving, finst det ikkje så mange alternativ. Om ein i tillegg ønskjer høg komfort, står vi kanskje berre igjen med eit, ei turisthytte. Den Norske Turistforening har 500 hytter spreidd rundt i vårt langstrakte land. Indre Sunnfjord Turlag eig tre av desse hyttene, Longevasshytta, Massbu og Nipebu. Ved å benytte seg av ei slik hytte kan ein enkelt og billig få seg ei natt i naturen. På turisthyttene er livet enkelt. Ein treng verken å grave kjøkkengrop eller beskymre seg for om det blir varmt nok. Og det beste er at ein slepp å trakke ned i stivfrosne skisko.

I utgangspunktet skulle elevane ved Nordnorsk Klatreskule tilbringe den siste natta i mjuke senger på Toralfsbu. Etter to netter ute tykte dei fleste at det skulle bli godt å legge seg i ei seng. Dette var ikkje tilfellet for Frida, ein av elevane, ho hadde fått føre seg at ho skulle ligge ute under stjernehimmelen. Både Marte og Jonathan tykte dette var ein god idé og heiv seg med. Eg hadde frivillig lagt meg på sofaen, men no frista det meir å sove under åpen himmel. Då eg gjekk for å hente vindsekken på rommet, lurte Petter på kva som var på gang. Eg fortalte han, og han vart sjølvsagt også med.

Tursithytte og nordlys

Etter nokre minutt låg alle langflate i ly bak ein stein og studerte stjernehimmelen. Slik vart vi liggande til auga sakte men sikkert sank saman. Rett før eg var på veg inn i draumeland åpna eg auga. Synet på nattehimmelen fekk meg til å spontant bryte ut eit lite: «Oi!» Resten av gjengen vakna, og reagerte på same måte: «Oi!» «Oi!» «Oi!» «Oi!» Over oss dansa det klaraste nordlyset eg noken gong har sett, ikkje at eg har sett så mykje, men dette var utrulig flott! Slike opplevingar får ein ikkje av å ligge inne.

Ulike metodar har ulike fordelar og ulemper. Å sette opp telt tar kort tid, men krev at du ber med deg teltet heile vegen. Å grave snøhole tar derimot lang tid, men krev mindre utstyr. Å legge seg inn på ei turisthytte er svært lettvint, men ein får kanskje ikkje den same kjensla av nærleik til naturen. Eg vil oppfordre deg å teste forskjellige metodar. Finn ut kva som funker for deg! Ein ting er sikkert: Uavhengig av kva overnattingsmetode du nyttar, vil du få naturopplevingar du hugsar livet ut!