Maitur på Halbrendsnipa

Eg tenkte det var på tide med eit nytt turinnlegg på bloggen vår, denne gongen frå ein topptur utan ski – som eg pleiar å kalle fjelltur – på Halbrendsnipa. Siste skituren på Halbrendsnipa i år var 31. mars (klart vi kunne ha gått dit på ski i april og, viss vi hadde hatt lyst).

Siste skituren på Halbrendsnipa i fjor hadde vi den 13. juni. Det var etter ein snørik vinter og kald vår (var det vår i fjor??), noko som gjorde til at snøen låg lenge til og med på toppar under 1000 m.o.h. Derfor må det å gå på ski på Halbrendsnipa (801 m.o.h.) i juni reknast som noko heilt unikt, og kanskje noko eg aldri kjem til å få oppleve igjen.

Eg har lagt ved bilete frå dagens tur på Halbrendsnipa, inkludert eit bilete frå toppen tatt i dag (19.05.2016) samanlikna med eit tatt i fjor (02.06.2015). Bileta er tatt med eit mellomrom på ca. 1 år, 14 dagar og 55 minutt. Fjorårets tur var ein skitur, og det var meir snø enn det kanskje ser ut til på biletet. Metervis med snø.

Tittel på artikkel

Tekst inn her.