Kjøpsvilkår

Frakt og levering

Posten/Bring nyttast til varelevering. Prisar på frakt vil endrast dersom Posten justerer sine satsar.
Leveringstid er normalt 3-10 arbeidsdagar. Ved bestilling av varer som ikkje ligg på lager er leveringstid 7-10 arbeidsdagar. Dersom ei vare bestillast i ei helg, på raude dagar eller i tida tett oppunder avvikling av desse vil vara/varene sendast neste virkedag. Ein kan også hente vara sjølv på Din Sport sine lokal i Førde. Dersom ein ønskjer å hente vara sjølv kan ein leggje igjen ein merknad om dette i eit eige felt kalla «Merknad til bestillinga». Dette vil ein kunne gjere i det ein bekreftar bestillinga i nettbutikken. Alternativt kan ein ta kontakt på e-post eller telefon. Ein vil då få refundert eventuelle fraktkostnadar.
Frakt er gratis ved kjøp over kr. 1000,- . Dette gjeld ikkje for ski, sykkel, kajakk eller andre varer med høg vekt og/eller høg volumvekt.

Retur og reklamasjon

Retur må skje innan 14 dagar, eller ein må gje beskjed i rimeleg tid om at ein returnerer ei vare. Vara må ikkje vere teken i bruk eller skada. Kunden vil få tilbakeført pengar til sin konto når returvara er motteken. Ved reklamasjon og retur av vare ta kontakt via e-post dinsport@online.no. Merk e-posten med «Retur» i emnefeltet. Alternativt kan butikken kontaktast direkte på telefon (+47)57820051 (kvardagar 10.00-20.00 og laurdagar 10.00-18.00).

Betaling

Alle prisar er oppgitt i norske kroner (NOK) inkludert moms.

Du kan betale med kort via Dibs i nettbutikken.
Dibs imøtekjem alle sikkerheitskrav i bransjen, sikkerheiten vert årleg vurdert av Visa / Mastercard
Dei leverer førsteklasses produkt for å forhindre svindel.

Ved bestilling vil det aktuelle beløpet bli reservert frå kunden sin konto. Betaling skjer først når bestillinga har blitt behandla i nettbutikken, og vara er på veg til kunden.

DIBS_logo_blue_RGB