Eikåsnipa

I dag hadde vi oss ein morgontur på Eikåsnipa, 826 moh. Det har vore mykje finvêr i det siste, og i dag var sameleis. Litt sur vind var det over tregrensa, men nedanfor var det T-skjortevêr til og med i skuggen (i alle fall så lenge ein var i aktivitet). Ryggjabrua-Eikåsnipa så tidleg på dagen er ein skuggetur (med upåklageleg utsikt!).

I dag var det fleire som var tidleg ute. Dei første møtte vi halvvegs i nedturen, og då var det framleis rimeleg tidleg. Kanskje det ikkje er så rart at alle brått blir A-menneske no når juni månad verkeleg viser seg frå si beste side. Og for ei knallfin helg for sommarfesten her i Førde. Medan eg skriv høyrer eg musikk flyte opp frå sentrum (eller Øyrane er det vel) … No er det sommar!

Ha ei framifrå helg!