Kontrastar frå år til år

Vinteren 2015 var lang og snørik. Våren gjekk dei fleste hus forbi, og sommaren var kald – ikkje før i slutten av august kom varmen.

Våren 2016 kom tidleg – lauva var komne innan 17. mai, og snøsmeltinga fekk ein pangstart då vi fekk eit par sommardagar i mai.

I dette innlegget har eg forsøkt å vise kor ulike vår/sommar 2015 og 2016 var. Bileta er tatt på Halbrendsnipa med eitt år og eit par vekers mellomrom. Alle bileta er tatt tidleg på morgonen. 2016-bileta er frå 19. mai (unntatt eitt, som er frå 16. mai). 2015-bileta er alle frå 2. juni.

I fjor var den siste skituren på Halbrendsnipa 13. juni, i år 31. mars. I fjor måtte ein flytte arrangementet Storehesten Opp frå slutten av juni til uti august grunna snømengdene. Den 28. juli 2015 hadde eg min siste skitur på Storehesten i den (utvida) skisesongen.

Katarina