Storehesten

Her kjem ein biletserie med bilete frå 28. juli 2015 sidestilt med bilete frå 30. juli 2016. 28.07.15 vart det jammen skitur på Storehesten. Storehesten Opp var utsett og vart gjennomført eit par veker seinare. Temperaturen på morgonen den 28. juli 2015 var heile 6 varmegrader. Likevel – sola varma og snøen som var hard og frosen på veg opp var akkurat passe mjukna på veg ned. Ryggen og toppen var snøfrie, men eit lite renn vart det no.

Dessverre vart juli 2016 ei regnfull affære, derfor vart det ikkje lett å planlegge tur og fotografering. På tampen av månaden var det berre å hoppe på den første opninga som kom. Morgonen var stort sett klår og fin, og vi rakk akkurat opp på toppen før det igjen starta å drype. Litt skuffande var det at skydekket var såpass lågt at det ikkje vart heilt dei bileta eg var ute etter, og Blegja såg vi ikkje snurten av. Men trolsk og vakkert var det!